VI ønsker fleire tilsette
VI du bli med å bygge nye hus i Førde, Sunnfjord og Gloppen?
iStand AS har aukande oppdragsmengde og treng fleire flinke folk med på laget.
Vi søker:
- 1 fagkordinator
- 1-2 tømrar
- 1 hjelpearbeidar
Kvifor velje iStand?
I iStand får du jobbe med varierte prosjekt i nærområdet, frå nybygg til rehabilitering, og vere med å påverke eigen arbeidskvardag. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, fleksibilitet og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du får disponere arbeidsbil, og blir ein del av eit aktivt og inkluderande arbeidsmiljø der folk trivst.
Om stillinga: Prosjektleiar
Som prosjektleiar i iStand får du ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av prosjekta våre. Du vil ha ansvar for framdrift, økonomi og koordinering, og vere bindeleddet mellom kundar, leverandørar og utførande tømrarar.
Vi ser etter deg som er strukturert, løysingsorientert og flink med folk. Du har gjerne fagbrev tømrar, teknisk fagskule, mesterbrev eller tilsvarande erfaring, og trivst med å ha oversikt og ansvar. God kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg, er viktig i rolla.
Om stillinga: Tømrar
Vi ser etter deg som likar å skape noko konkret, og som har auge for kvalitet i utføringa. Som tømrar i iStand vil du jobbe med både nybygg og rehabilitering, og vere ein viktig del av gjennomføringa ute på byggeplass.
Du trivst med praktisk arbeid, tek ansvar for eigne oppgåver og samarbeider godt med kollegaer og kundar. Fagbrev er ein fordel, men relevant erfaring kan vege opp for dette. Det viktigaste for oss er at du er påliteleg, nøyaktig og har stoltheit i faget ditt.
Om stillinga: Hjelpearbeidar tømrar
Vi ønskjer også å kome i kontakt med deg som vil jobbe som hjelpearbeidar innan tømrarfaget. Dette kan vere ei fin moglegheit for deg som ønskjer å lære meir om byggfag, eller som allereie har noko erfaring frå bransjen.
Som hjelpearbeidar vil du bistå tømrarane i det daglege arbeidet på byggeplass. Du er arbeidsvillig, lærevillig og trivst med fysisk arbeid ute. Hos oss får du høve til å utvikle deg vidare i faget og bli ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø.
Ta kontakt
Har du spørsmål, eller er du nysgjerrig på moglegheitene hos oss, er du velkomen til å ta kontakt.
Anders Kristian Sægrov
Telefon: 450 04 700.
Du kan også sende søknad og CV til post@istand.no.
Vi vurderer søknader fortløpande.