iStand er GODE på totalrenovering og NYBYGG for private og næringsdrivande.
Vi driv også med BLÅSEISOLASJON.
Vi kan tilby totalleveranse, eller avtale delar av prosjekt med eigeninsats.
Ingen jobb er for liten for oss. Ikkje tenk meir på det. La oss setje det iStand for deg!
Hus – hytte – tilbygg – garasje
Med oss får du full friheit. Du kan velje ferdighus frå Lindehus, eller vi kan teikne ditt prosjekt akkurat slik du ynskjer.
Modernisering ute og inne
Vi kan hjelpe deg med alle typar oppussingsprosjekt. Både utvendig og innvendig. Tilleggsisolering, blåseisolering, nytt bad, nytt kjøkken, ny veranda, bytte av kledning for å nevne noko.
Nytt bad
Gje badet ditt eit skikkeleg løft! Vi tek heile jobben – frå idé og planlegging til ferdig, topp moderne bad. Med fokus på kvalitet, smarte løysingar lagar vi bad du både blir stolt av og trivst med kvar einaste dag.
Nytt kjøkken
Gjer kjøkkenet til heimens kulaste rom! Med smarte løysingar, freshe detaljar og handverk du kan stole på. Enten du vil ha eit stilreint uttrykk eller noko meir personleg, skapar vi eit kjøkken som er perfekt for deg.
Ny trapp
VI leverer innvendige trapper som både tålar kvardagen og løftar uttrykket i heimen! Med robuste materialval og gjennomtenkt design får du ei løysing som er trygg, slitesterk og stilfull – perfekt tilpassa din bustad.
Platning og veranda
Skap uteplassen du alltid har ønskt deg! Med solide materialval og gjennomtenkt design byggjer vi slitesterk platning og veranda som tåler ver og vind – og som samstundes løftar uttrykket rundt heimen.
Blåseisolering
Kaldt i huset? Spar pengar på oppvarming med å isolere. Vi tilbyr blåseisolasjon. Dette er ein effektiv, rask og enkel måte å få isolert loft, etasjeskiller og veggar.
Nye vindu og dører
Gamle vindu og dører slepper inn mykje kulde i huset ditt. Vi tilbyr gode råd, levering og montering.
Er taket ditt meir enn 30 år gammalt?
Dei fleste tak har ca 30 års garanti. Kanskje taket ditt er klar for utskiftning? Vi utfører takbefaring og kan gi pris på nødvendige reperasjonar eller nytt tak.